top of page

Program for Randorama

På Randorama handlar det om meir enn toppturar. Det handlar om fjellglede, meistring, nye turvenner og gode opplevingar saman. Først skal vi yte, så skal vi nyte!
 

Du vel sjølv om du vil bli med på guida tur eller utforske Sunnmørsalpane på eiga hand. Uansett oppmodar vi alle til å velje tur etter eigne føresetnader og forholda i fjellet.
 

Når skidagen er over, held vi fram på festivalbasen vår, Stødt Bar & Scene!

Her samlast vi til god mat og drikke, musikk, bålkos og sosialt fellesskap. Ein stad for å dele dagens opplevingar, møte nye folk og nyte resten av dagen saman.

​

Alt skjer innanfor eit oversiktleg festivalområde i Ørsta, med kort avstand mellom dei ulike lokasjonane.

Vi gler oss til ei ny helg med fjell, folk og fantastisk stemning! 🧡

​

Programmet for Randorama 2027 kjem snart. Følg med!

Ørsta Camping (5).png
bottom of page