top of page

Randorama er toppturfestivalen for alle!

Midt i hjartet av Sunnmørsalpane samlar vi folk som deler gleda over snø, fjell og gode opplevingar. Her handlar det ikkje om å gå lengst, høgast eller raskast, men om turglede, meistring og fellesskap.

​

Enten du går på ski, brett eller truger, er ny i fjellet eller har mange toppturar bak deg, skal du kunne kjenne deg heime på Randorama.

Korleis starta Randorama?

Bak Randorama står to toppturglade damer som sakna ein festival der folk kunne samlast rundt interessa for snø og fjell.
 

Så då bestemte vi oss for å lage ein sjølve!
Randorama er skapt og driven på frivillig basis, med eit stort engasjement og eit ønske om å samle folk som deler gleda over snø og fjell.

 

Vi ønsker å skape ein møteplass der folk kan bli kjende, dele turglede og ha det kjekt saman, både på fjellet og når skidagen er over.

 

Målet er at Randorama skal vere ein festival med låg terskel for å delta, der både nybegynnarar og erfarne toppturentusiastar kjenner seg velkomne.

IMG_2878.JPG

Torill og Marte, initiativtakarane bak Randorama Sunnmøre.

Ørsta og Sunnmørsalpane

Randorama har heimebane i Ørsta, midt mellom dei mektige Sunnmørsalpane.

Her finn du fantastiske moglegheiter for toppturar, med fjell og naturopplevingar i alle retningar. Når vi kjem ned frå fjellet, samlast vi i Ørsta sentrum til mat, musikk, sosialt fellesskap og festivalstemning.

Det er nettopp kombinasjonen av fjellopplevingar på dagtid og fellesskap på kveldstid som er kjernen i Randorama.

​

Gode samarbeid gjer festivalen mogleg

Sjølv om Randorama er eit frivillig initiativ, hadde vi ikkje fått dette til åleine. Vi er heldige som har dyktige lokale samarbeidspartnarar med på laget.

​

  • Sunnmøre Outdoor er ein lokal faghandel og kompetanseressurs innan utstyr til fjell og friluftsliv.

  • Sunnmøre Mountain Guides bidreg med lokal fjellkompetanse og guida toppturar tilpassa ulike erfaringsnivå.

  • Stødt Bar & Scene er festivalbasen vår i Ørsta sentrum. Her møtest vi når skidagen er over, til mat, drikke og gode opplevingar saman.

​

Saman ønskjer vi å skape ein festival som gir noko tilbake til både deltakarane, lokalmiljøet og fjellmiljøet på Sunnmøre.

​

Praktisk informasjon: Randorama Sunnmøre har 20 års aldersgrense.

IMG_0194.JPG
bottom of page