Med festivalpass får du:
-
Foredrag og filmvisningar som gir inspirasjon og påfyll til nye dagar i fjellet.
-
Workshops med praktiske tips og høve til å lære noko nytt.
-
Musikk, afterski og festivalpub – bli med på fest og sosialt samvær etter turen.
-
Quiz og konkurransar, med moglegheit til å vinne flotte premiar.
-
Tilgang til demoutstyr og rettleiing frå Sunnmøre Outdoor.
-
Ein roleg møteplass inne på Stødt Bar & Scene, med turprat, pop-up-butikkar og plass til å slappe av.
-
Eit utvida festivalområde ute, med stort oppvarma festivaltelt, scene, sitjeplassar og mat- og drikkeservering.
-
Ei sosial helg med nye og gamle turvener – anten du kjem åleine eller saman med andre.
I tillegg får du desse festivalfordelane:
-
Moglegheit til å melde deg på guida toppturar i Sunnmørsalpane med Sunnmøre Mountain Guides. Turane krev eiga påmelding og betaling.
-
Festivaltilbod på overnatting i Ørsta. Overnatting må bestillast og betalast separat.
-
Gode tilbod på sportsutstyr hos Sunnmøre Outdoor.
Detaljert program kjem. Mat og drikke er ikkje inkludert i festivalpasset.
Alt av program og deltaking på guida turar er berre tilgjengeleg med festivalpass.
Refusjon: Vi refunderer ikkje festivalpass med mindre vi må avlyse festivalen.

